søndag, januar 07, 2007

Ein gong

Ein gong rei eg ut i skogen, på grunn av helsa mi. Eg sette frå meg hesten min på ein gøymt stad, slik eg hadde for vane, for å gå å kontemplera på det guddommelege og å be. Då fekk eg eit syn som for meg var ekstraordinært. Eg såg kor herleg Guds Son er, som mellommann mellom Gud og menneske, og hans fantastiske, store, tilstrekkelege, reine og gode nåde og kjærleik, og audmjuke og milde natur. Denne nåden som virka så roleg og god, virka òg stor over alle himlane. Personen Kristus virka opphøgd, stor nok til å svelgja alle tankar og førestellingar. Dette varte omtrent ein time, trur eg. Mesteparten av tida førte dette til ein straum av tårer og høglydt gråting. Det var ei brennande kjensle i sjela, som eg ikkje kan skildra på andre måtar enn at eg vart tømt og gjort til ingenting; å liggja i støvet og vera full av Kristus åleine. Å elska han med ein heilag og rein kjærleik. Å stola på han og å leva av han. Å tena og fylgja han, og å vera fullstendig heilaggjort og rein, med ein guddommeleg og himmelsk reinleik. Eg har også mange andre gonger hatt syn av likande natur og som hadde dei same verknadane. (mi omsetjing)

- Jonathan Edwards 1703-1758

I dag tilrår eg "Personleg historie" av Jonathan Edwards. Karismatisk kristendom er visst ikkje heilt nytt!

0 kommentarer: