måndag, desember 11, 2006

20 grunnar til at eg melde meg ut

Eg har gjort opp litt rekneskap med kvifor eg meldte meg ut av Levende Ord. Har rett og slett skrive ned 20 årsakar (i den rekkjefylgja eg kom på dei) til at eg tok det valet. Det er greitt å ha gjort det medan ein framleis har det friskt i minne. Passordet for dokumentet er fornavnet til ei av våre oldemødre. Utan henne hadde ingen av oss vore til! =)

4 kommentarer:

Hallvard sa...

Eg tippa riktig oldemor!
Eitt punkt lurar eg litt på. Eg trur faktisk det skjer noko i åndeverda når ein lovsyng, utan at eg har mykje bibelsk grunnlag for det. Du har jo faktumet at vonde ånder rømer for namnet Jesus, og då er det vel desto meir verknadsfullt når ein syng enn når ein snakkar. Dessutan har du historia om Paulus og Silas som song lovsongar i fengsel, og oppfordringane til å lovsyngja i Paulus sine brev, + salmane.
Men hovudgrunnen til at eg trur det påverkar det åndelege, er vel meir erfaring.

Eg går likevel ut til at det er ein grunn til at du reagerer på det. Og eg kan hugsa eg var med på eit Levende Ord-møte då eg var liten og reagerte på at dei spelte duse akkordar på keyboard medan dei las kunngjeringar og reklamerte for bøker til sals i bokhandelen. Då eg seinare spurde Alf Magne kvifor, sa han såvidt eg hugsar at Den Heilage Ande på ein måte vart verande i musikken.

Eg tvilar ikkje på at instrumentalmusikk kan vera lovprisning til Gud. Men for meg vart dette meir kritikkvekkjande enn oppbyggjeleg, og eg har lurt på denne episoden til denne dag.

Hallvard sa...

Forresten tok eg til meg punkt 13 til 15. I dag peikte Gud på skilnaden mellom å døma (døm ikkje) og å kjenna (på fruktene skal de kjenna dei). Når ein kjenner, går ein ikkje ut ifrå noko.

Øystein sa...

Takk for gode tilbakemeldingar. Har litt lita tid å skriva nett no, så eg kjem sikkert tilbake med meir. At det skjer noko i åndeverda når ein syng lovsang er ikkje nødvendigvis noko eg kan avvisa kategorisk, men viss ein ikkje har bibelsk fundament for det er det vel grunn til å vera skeptisk til det motsette er prova. Men sjølve faren trur eg ligg i å leggja så mykje vekt på "åndeverda", sidan bibelen ikkje seier mykje om det sjølv. Var det ikkje noko slikt Alv Magnus sa òg? Viss eg ikkje blandar saman med noko anna. Elles einig med din kritikk av dei duse akkordane.

Dette var det du var delvis ueinig i, og punkt 13 - 15 var du einig i. Andre punkt du hadde synspunkt på?

Hallvard sa...

Det er forsåvidt ikkje noko gale i å vera skeptisk til det motsette er prova, men då havnar du lett i "mi" grøft. Kvar einaste gong eg er i ein kyrkjelyd eg ikkje har vore i før, og det skjer ting eg ikkje kjenner meg att i, kjem skepsisen og sperrar for at eg kan ta imot noko.
Men eg tenkjer at når det uansett "sømer seg" å prisa Gud, og det i tillegg er ein sjanse for at åndeverda endrar seg i positiv retning, treng det jo ikkje vera ein fare knytt til det.

Einaste, viss fokuset blir på prestasjonar, kan jo lovsongen bli litt krampaktig. Dette tek meg til punkt 20. Definisjonen av kva som er åndeleg, er eit interessant spørsmål! Og viss du ikkje er lei av UiO-tankegang heilt enno, her er noko baseleiaren min frå Skien sa om saka:
"Det er ein fare å bli ei åndeleg hermegås. Det er mange nordmenn som seier halleluja på svensk, t.d. Men me er skapte i Guds bilete. Difor er me mest åndelege når me er mest lik oss sjølve."

Eg meiner lovsong går på hjartehaldning. Det kan då umogleg gjera særleg skilnad for Gud om éin sit i fosterstilling og mumlar og éin hoppar og jublar viss begge lever ut det same ynskjet om å lovprisa Gud. Men Levende Ord er nok ikkje den einaste kyrkjelyden der det verkar meir sett opp på å stå enn å sitja, tenkjer eg.