torsdag, desember 01, 2005

Ein tuvetopp full av snjo!

Så kom det altså snø til Skien óg. Til den fyrste desember. På denne tida er det riktignok redusert til grått, depressivt by-slaps, men snø er snø når det kjem frå himmelen.
Brått høyrtest eg svært åndeleg ut.

Forresten: berre for å gjera ynskjelista mi endå litt meir komplisert, treng eg faktisk eit nokså stort utval med klede snart. Eg manglar både skjerf og lue til vinterkulda, men ifrå april og utover treng eg eit større utval shortsar.

0 kommentarer: