Me stilte no klokka ein time attende, så ho ville ha vore eitt dagen før. =)
Men nok om det. Tenkte eg skulle skriva "nokkolite" om besøket mitt til Bø!
Eg fekk litt inntrykk av gamal stordom medan eg var der! Eg kunne liksom førestella meg korleis det hadde vore før i tida. Eit stolt folk med utprega dialekt som reiste til stavkyrkja i hest og kjerre. No til dags er ungdommane der omtrent som ungdommane på Lofthus - glade i å råna, henga, og (hadde det ikkje vore for UiO-teamet på tre stykke som bur der i år) utan gode førebilete.
No vil eg ikkje påstå at UiO er så mykje betre enn andre kyrkjelydar. Men teamet der gjer eit kjempegodt arbeid! Det består av Werner frå Tjølling, Inger Lise frå Molde og ex-framnesingen Sturla Godø Sæther. Desse tre har vorte gode vener med ungdomsgjengen der, og Werner fortalde meg at medan dei hadde vore der, hadde 7 stykke teke imot Jesus! Dette ville dei ikkje ha klart utan teamet.
Så kva gjorde me frå DTS-en? For det fyrste oppmuntra me teamet med "vårt nærvær"... :P Men me gjorde då ymse arbeid og slikt òg. På to skular hadde me dramastykke om mobbing og leikar som handla om å stola på kvarandre og slikt. Etter dagens lovverk er jo forkynning forbode i skulen.
Forkynna kunne me derimot gjera på fredagstreff, barnetreff og liknande arrangement. Og det eg trur var det beste møtet, var eit ungdomsmøte me hadde på fredagen.
For å gjera ein lang, spanande historie kort og platt, bad me på slutten av møtet dei som ville ha meir av Jesus i livet sitt, om å koma fram og verta bedt for. Og det kom mange fram! Det var meir enn berre musikk og "god stemning" på det møtet, for å seia det sånn.
Elles gler eg meg til å koma heim på fredag! Men når kan vera eit godt spørsmål. Skal snart sjekka busstidene.
Og til slutt har eg berre lyst til å ta med fyrste verset på ein barnesong som må ha vorte skriven på ein keisam busstur:
"Jeg vet ingen, ingen som. Jesus ikke synes om. Jesus elsker alle. Han er glad i alle."
måndag, oktober 31, 2005
Noja, Monika.
Lagt inn av
Hallvard
kl.
18:04
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
hehe. ein keisam busstur var det heilt klart.
og, ja. du ha nok rett i da dar klokkestillingsgreiene vetlebror. pussig at da alltid ska stokka seg i håve mitt da dar klokkeflyttestyret. men poenget vart vel fortsatt det same, vart det ikkje?
den kvinnelege delen av familien kjeme heim seint torsdags kvelden. dvs. meg og ingus og ganstah. hadde ikkje du fri torsdag og forresten?
Poenget vart det same, men setninga gav ikkje så mykje meining=) Du var på ein måte ikkje trøytt fordi du hadde flytt klokka ein time fram.
Me er glade i deg for det=)
Eg har fri 4. til 8., altså fredag til måndag. Kva er grunnen til at Øystein og AM kjem etter?
Me er ikkje slike arbeidsledige slaskar som lever i sus og dus kvar dag. Neidå. Men AM ska på jobb på fredag og eg ska på lesesal, remains a fact
Legg inn en kommentar